...

fredag 30. september 2011

Make your own STAR - av drivved :)


Endeleg inne i godstolen, etter ein vidunderleg dag.
Blant mange opplevingar, fann eg meg sjølv midt oppe i ein dunge med drivved
(misunneleg?) :)
Eg vart veldig fasinert av produkta til Oi Soi Oi, og eg kan vere veldig god
som copycat... Er det lov? I alle fall, hagestova har fått ny pynt i kveld.





Lerkekongler tredd på streng, viste seg å bli lekre hjerter.
Bora hol i dei med ein tynn bor. Forma strengen som
eit hjerte, og tredde konglene på.


Ha ein kos fredagskveld!


Elin





I`m not in my house!



Indian summer på Sunnmøre, så eg er ikkje inne for tida...
Smak av sommar er HERLEG! Og eg har ulike prosjekt på gang,
for eksempel innsanking av naturmaterialer til div...

Har vore på ein fototur i dag. Og sidan fleire etterlyste naturbilda mine her forleden;
her er ein smak av sommar til deg også! :)






 
Bildet er mitt bidrag hos Øyeblikk
Ta ein tur innom der du også!



Elin




onsdag 28. september 2011

Oi Soi Oi ! Wonderful!



I`m in LOVE! Again! Veldig forelska når eg først setter igang! Fann desse herlege bilda hos ZanZ, av leverandøren OI SOI OI, skal visst bety "Herregud" på vietnamesisk? Dette veit eg lite om, men bilda fasinerte med VELDIG! Håper å kunne gjenskape litt av uttrykket her i huset!

NYT!







Eg skal GARANTERT skaffe meg nokre ting frå denne kolleksjonen!


Stikk innom ZanZ for å sjå og lese meir om produkta!
Forøvrig ein av mine yndlingsbutikkar ;)


Elin



Mange bilder, nokre spørsmål og svar...



Var ikkje det ein fancy tittel? :) Sidan forma er stigande, og energien held på å kome tilbake, tok eg meg eit rafs med å svare på spørsmål i dag. Det er veldig koseleg å få mailar frå lesarar, og eg gjer så godt eg kan med å svare. Takk til dei som sende nokre ord på måndag og i går, angåande mitt lille "samanbrudd". Veldig godt å få slike fine ord i mailboksen!

Eg har lenge skulle ha laga eit innlegg om haustplantene eg har rundt huset.
Eg har venta på finevèret. No gav eg opp. Så det blir bilder med regn i dag. Ikkje noko å bry seg om...
Og medan eg var i gang, tok eg nokre bilder til, av ting folk har stilt spørsmål om.

Aller først. LERK. Ja, eg elskar lerk. Kunne ha laga ein sang om det...
Lerk er eit tre med mjuke nåler. Det finns rundt om i Norge, vi har tildels store mengder i nærområdet. Den lerka du ser til pynt, er uten nåler. Så SNART kan den som leitar, kanskje finne bare lerkegreiner med kongler på. Eg har sjølvsagt mengder frå åra før ;) 



Ok. Då var den grei håper eg. Neste sak : uteblomster på hausten.



Det finns enormt mange fine blomster rundt omkring. Men eg vart så VELDIG inspirert hos
LINDA som eg laga reportasje hos, så eg enda opp med røslyng og eføy i år.
Det har halde seg veldig bra i styggevèret.


På nedsida av huset har eg noko rart eg ikkje veit navnet på? Kanskje nokon kan hjelpe til? Eg synes dei er kjempefine! Eg kjøpte dei hos Mille Fleurs i Ålesund, ein veldig fin liten blomsterbutikk, med rette stemninga og litt meir enn berre blomster. Eg veit også at der er venta eit parti med Corokia cotoneaster, dei merkelege plantene som ser døde ut. Sånn som står på stovebordet mitt.


Midt i alle krukkene mine, har eg fine lys, som eg kjøpte hos Stranda Blomster.
Enno ein butikk eg absolutt vil anbefale den som kan, eit besøk. Lysa toler ein del vind, og skaper lun stemning på mørke haustkveldar. Krukka er kjøpt hos Herlighet.


Til slutt vil eg opplyse om at drivveden min kjem frå sjøkanten her i fjorden. Eg plukkar til meg slikt heile året, men det er etter stormane på hausten og vinteren at nye ting kan dukke opp. Drivved finns nok litt over alt, men akkurat no er det nok mange som leitar, så det er lurt å ha augene med seg. Eg har alltid eit lite lager i kjellaren ;) Så til deg som spurde; du kan nok få kjøpt, men er du nær sjø, så leit heller. Mykje billegare! :)


Og her er corokiaen min med på siste bildet. Er litt usikker på om ho trives her? Ser fortsatt død ut spør du meg... Kanskje ho er det? Må ut på Mille Fleurs og sjekke korleis andre slike planter ser ut? ;) 


I morgen er det boklanseringsfest hos Slettvoll i Ålesund,
får sjå om eg finn overskudd til ein tur.
Kanskje nokon som er innom her
skal? Let me know! :)



Elin


tirsdag 27. september 2011

Haust på stova







Det er haust på stova vår.
Likar du den nye
looken? ByNord
 får fram smilet
mitt :)


Ha ein fin kveld!


Elin


Dagen derpå



Ganske enkelt å finne tittel i dag? :) Gårsdagen er fortid, historie.
Eg lurer enno på om det var særleg smart å lage innlegget eg posta. Eg har vore ganske flink siste året å
ikkje vere så personleg på bloggen. Det kjennes for det meste godt. Eg veit jo ikkje kven som les han? Men summa summarum; etter å ha lest alle fine kommentarar og støttande ord, trur eg at eg skal overleve det heile. Og nei; dette hadde ikkje med bloggen å gjere i det heile tatt. Det var berre livet som la ein del hinder i kvardagsvegen. Så det er berre å øve på å hoppe. Høgt. Så kjem eg nok over. Når energien stig igjen. Det hjelper bra å skifte på alle sengar, riste ut dyner og puter, halde seg i gang. Tenkje på andre ting. Og nyte roa i hagestova. Ete herlege norske epler, og lytte til Wavemusic...







Å få nesten seksti kommentarar på ein dag, gjer meg audmjuk. Eg vil takke kvar og ein som tok seg tid til å bry seg om meg i går. Det betydde enormt! Føler at eg har blitt litt meir kjend med mange for meg tildels ukjende lesarar av Draumesidene. Det kjennes veldig OK! :) Big HUGS går utover til det ganske land!


Elin



mandag 26. september 2011





Eg er overvelda over omtanken som har tikka inn her i dag...
Eg får nok ikkje takka alle "personleg", men håper at eg når fram med
dette innlegget. Eg angrar ofte etter at eg har vore så ærleg, eg kjenner meg litt naken.
Men det var ein slik dag i dag, og eg får stå for det eg skreiv tidlegare. Håper at nokon
 fekk nytt perspektiv på sin eigen dag. Det gjorde i alle fall eg. Eg ynskjer alt
godt for dei som har delt historiene sine under her, og er veldig takksam for at
eg fekk eit innblikk i andre sin måndag. Her kom mannen heim med is til meg ;)
Og DET hjelper vel for alt? Mitt råd må vere å ta ein dag om gangen.
Måndag er snart over. Eg er klar for tysdag.
Bring it on!


Elin 

Slutte?


Etter å ha blogga i snart to år, har eg lært meg ein del reglar her inne. Om bloggen min.
Viss eg vil at mange skal kome innom, må det liggje eit bilde i bloggrollen med sneakpeak av eit heilt rom.
Eller at eg fortel i tittelen om at noko nytt har kome i hus. Eg kjem aldri særleg langt med eit naturbilde, eller antydning om ei eksistensiell krise. Helga som gjekk tok alldeles luven frå meg. Eg skal ikkje gå i detaljar, men kan seie såpass at eg sitt her som ein uttygd tyggis, og prøver å finne ut kva som traff meg? I slike stunder er eg VELDIG klar til å slette bloggen min, facebookprofilen, og eg hadde nok sletta heile min eksistens dersom det var gjort med eit tastetrykk det også...

Kjenner du til den følelsen? At ein kjemper så veldig for å oppnå ting, gjer alt på den rette måten, men så kjem det inn universalt søppel frå verdsrommet, og landar midt i hovudet på deg. Hadde det no i alle fall vore bloggbart dette som skjedde, men det er det jo ikkje? I alle fall ikkje når ein har ein interiørblogg. Prøvde å muntre opp meg sjølv ved å ta ein runde her inne, men i dag hjalp ikkje det heller. Det ser ut som om alle andre er superlukkelege, og har hatt ei fantastisk helg? Eg gleder meg sjølvsagt på andre sine vegne, men der er ein ekkel bismak ein stad under tunga mi. Eller sånn litt nede i brystkassa. Og eit sting inne i det eine auget, eit slikt som kan lage tårer...

Bloggen har vore ein slik fin stad å vere i det siste, og eg veit at dette er absolutt feil dag
 å ta ei slik beslutning på. Difor skal eg vente. I morgen er ein ny dag. Det er alltid lurt å gje ting tid.

Ingen bilder...
Var du innom likevel?
I dag tek eg gjerne imot kommentarar,
eg treng rett og slett å høyre frå deg som ikkje har
ein superlukkeleg måndag...


Elin

NB! Det har gått nokre minutt, og kommentarane strøymer inn. Stinget i auga lager tårer, men dei er gode... Tusen takk for alle fine ord. Dei hjelp ALLE saman. Oppdaga plutseleg at eg er ikkje så åleine som eg kjende meg. Og det finns verkeleg flotte folk som gjerne vil støtte ein skakk køyrd interiørbloggar... Dokke er fantastiske!


søndag 25. september 2011

Jul i Svenngården, Norges vakraste heim ;)


Eg vil gratulerer Amalie med prisen Norges vakraste heim, og kom på at eg kanskje skulle dele litt juleinspirasjon frå 2010 med dokke? Eg oppdaga bloggen til Amalie i november i fjor, då eg var på desperat leiting etter eit hus med ein litt annaleis julestil til reportasje i Sunnmørsposten. Ein kveld eg sat der med nasen nedi bloggverda, så PANG! Der hadde eg Amalies Jul i fanget, NOT A4 kan ein vel seie? Jenta var kjempepositiv til å vere med på reportasje, og besøket hos henne var berre ei fryd. Huset hennar er veldig gjennomført, og eg er ikkje overraska over at ho vann denne konkurransen. Det blir spennende å følgje Svenngården vidare, for eg trur der alltid er eitt eller anna prosjekt på gang? ;)









Juletreet er prega av at Amalie er allergisk mot bartre, men eg har på følelsen av at ho sikkert kunne ha hatt eit slikt drivvedjuletre uansett? Min favoritt var den gamle jernstanga med adventspakkar i gangen. Genial idè! Lenge til jul seier du? Neida, 3 måneder går FORT! ;)


Som sagt GRATULERER Amalie!



Elin


 

lørdag 24. september 2011

PhotoShop




Gjennomført 9 timers kurs. Kjenner det, for å seie det slik. Veldig kjekt å få lære meir om redigering!
Men no skal helga brukast til å få kroppen ajour igjen. Nakken hyler TimeOut...
Får sjå om det blir eit innlegg i morgen?


Elin

fredag 23. september 2011

Kjøkkeninspirasjon


 





Det var desse titlane mine då... ? Prøvde i alle fall å inspirere deg! :)
Fredag, lasagne, tv, avslapping - og tur på butikken for å
handle godteri med kidsa.

Livet kan heilt enkelt vere godt...


God helg!

Elin


torsdag 22. september 2011

Det florlette, og det rustikke...









For tidleg for kongler? Tja... men no hadde det seg sånn at eg fann konglene mine i dag, og då er det om å gjere å ha dei ein stad eg finn dei igjen når eg treng dei... ;) Dei har vore borte i to år, så gjensynsgleda var stor. Dei er plukka hos naboen, som hadde eit fantastisk furutre med gigantkongler. Treet er borte, difor får eg ikkje tak i slike lenger. Vil med det same minne om at det er no du kan sanke inn fin mose, kongler o.a. til vinterpynten!
Det går rasande fort mot oktober.


Elin



onsdag 21. september 2011

Nytt trekk frå Slettvoll? Og den første premien...




Eg har vore så heldig å få premiar til min planlagde GiveAway med ulike butikkar i Ålesundsområdet. Og nei, eg har ikkje fått dei for å få ting gratis, eller får avslag i framtida fordi eg skriv om verksemdene deira. Eg har rett og slett berre lyst å gi vekk fine ting til lesarane mine! Eg har utgiftene med porto sjølv. Men i dag fekk eg vite at Slettvoll vil gi ei bok, som kanskje nokon av dokke har sett allereie? Den vart lansert for kort tid sidan i Oslo, og er vakker både på inn- og utsida! Og Slettvoll spanderer også porto :) Tusen takk! Det er ikkje sunt for meg å gå innom denne butikken... Eg blir heilt hauøren (svimmel) av å sjå alt det flotte denne produsenten lagar. Og eg lånte med eit trekk til stolane mine. Har lenge vurdert å skaffe eit sett til, for å spreie slitasjen ;) (god unnskyldning, fungerte fint overfor mannen i huset...) Så viss eg får solgt den gamle framskåpa mi, blir det kanskje noko av dette. Måtte i alle fall ta bilder...

LOVE!







Mykje opp att det same hos meg no, men eg flytter faktisk tinga mine rundt og rundt og rundt... Blir endå meir hauøren... Bildet i midten er frå katalogen til Slettvoll, skal ta fine bilder av boka neste gong eg er innom.

Tusen takk for fine kommentarar, denne veka kan eg ikkje prioritre å skrive tilbake til alle, må spare kreftene til kurset på kveldstid. Har likevel lyst å dele litt inspirasjon som vanleg.


Det er så flott å få mailar der ukjende takkar for
at eg bloggar. Det gjev tidsbruken og innsatsen meining. Også på djupare plan enn vår felles,
overfladiske interiørinteresse!


Elin


tirsdag 20. september 2011







Eg har fått tittel-sperre... Når ein har skrevet nærmare 1000 innlegg om huset sitt, blir det etter kvart vanskeleg å finne titlar... Dette er bordet mitt, som eg laga av eit gamalt dørblad. Understellet er laga av same verkstaden som ordna ristene i ovnsveggen, i innlegget under. Flinke karar :) På bordet ligg herleg lesestoff; siste katalogen frå Slettvoll. I love...


Første økt av fotokurset er over,
og eg er SLITEN. Men; har allereie lært massevis.


Elin




Peisen på kjøkkenet, og tips til oppbevaring










Peisen vår er av serien RAIS (jammen dansk design der også?) Vi bygde den opp av slike kjekke plater, som ein kunne sage med vanleg sag... Husker ikkje navnet på dei i farten? Inni står peisinnsatsen på lecablokker. Det var ikkje så vanskeleg å få til som vi trudde? Ristene som eg har festa inni veggen, sender varme ut frå kassa, og gir luft til fyring. Dei kan ikkje kjøpast nokon stad, eg har fått dei laga på ein mekanisk verkstad. Fann ingen som eg likte (hadde det no vore ein gong...) 

Vedkorga er kjøpt nyleg på Kremmerhuset, den store kjeksboksen er eit bruktfunn, 
og tenk; den vesle hadde morfaren min kaffen sin i når han var på jobb...


Dette er mitt bidrag til Sukketøy for øyet`s utfording.

Klikk her viss du vil sjå fleire bidrag, og kanskje vere med du også?




I kveld startar PhotoShopElements kurset!
WIIIIIII! :)


Elin



mandag 19. september 2011

Jeg fant, jeg fant! :)



Eg fann, eg fann! (nynorsk...) Denne planta såg eg sist veke på bloggen Sommerjenten`s interiørhule. Og heldigvis hadde den flinke eigaren av bloggen skrevet navnet der. Eg troppa opp på Plantasjen, og forklarte at eg leita etter ei plante som såg død ut... Såg mannen snudde seg bort og smilte... For eg huska IKKJE dette rare navnet. Men vel heime igjen skreiv eg det inn på mobilen min. Corokia cotoneaster, kven kan huske på slikt? På turen min rundt om på Sunnmøre i dag, kom eg over nokre eksemplar hos Slettvoll. Snille Vibeke som jobbar der, kunne tipse om ein blomsterbutikk som selger corki..... easterteaster... eller kva i verden den heiter. Mannen der skulle forklare meg om stell, og den skal ha lite vatn, og han konkluderte med at den ser egentlig like bra ut død??? Vi lo begge to. Litt av eit skussmål... Men no er ho på plass på stovebordet mitt.








Eg har hatt ein fin dag, og vil takke for alle fine GiveAway premiar som eg har fått hos forskjellege butikkar i Ålesundsområdet! Det kjennes så kjekt å kunne gi vekk slike fine ting til alle dokke der ute! Presentasjon av butikkar og
premiar kjem seinare.



Elin